Placebo effekter, assosiativ tolerance og korleis du lærer å like rusmiddel

Kategori
Konseptuell
Format
Forelesning
Presentør
Magne Arve Flaten  
Abstract
Å innta eit lege- eller rusmiddel er eit eksempel på klassisk betinging: indre og ytre stimuli kan assosierast med effekten av legemiddelet, og utløyse betinga responsar. Disse betinga responsane observerast som subjektive og fysiologiske reaksjonar, som kan påverke andre subjektive og fysiologiske reaksjonar eller tilstander. For eksempel kan betinga stimuli som er assosiert med injeksjon av smertedempande legemiddel , generere betinga fysiologiske reaksjonar som dempar smerte. Andre assosiasjonar kan føre til auka smerte. Gjennom assosiasjon mellom stimuli kan individ også lære å like rusmiddel som individet i utgangspunktet ikkje likar. Disse formene for assosiasjonar har betyding for helse.